Solceller

Interesse for solceller er aukande og Holmedal Elektriske har nødvendige kurs og erfaring frå montering av solcelleanlegg, både «on grid» og «off grid».
Er du tilkopla nettet («on grid») blir solcelleanlegget montert og tilkopla sikringsskapet i huset via ein inverter. Ein blir då «pluss kunde» hos straumleverandøren sin. Det vil seie at den straumen ein ikkje nyttar sjølv blir levert ut på nettet og ein får betalt for den av straumleverandøren sin. Ein kan også nytte batterilagring til dette systemet for å nyttegjere sin egen straumproduksjon betre. Den nye AMS straummålaren styrer avrekninga av levert energi sjølv, så installasjonen er relativ enkel å få til.

Dersom ein ikkje er tilkopla straumnettet («off grid»), må ein ha batteri og evt eit aggregat som syter for ei stabil straumkjelde.

I 2021 skal vi levere det som til no vil vere det største solcelleanlegget vi har montert, til Askvoll kommune.
Det er eit anlegg med 57 panel som gjev ein total på 20kWP og har ein estimert årsproduksjon på over 12000kWh.

Vi har tru på solstraum , dersom du er nysgjerrig så ta kontakt med oss slik at vi kan lage eit uforpliktande tilbod på ditt anlegg!