Sikringsskap

Har du eit underdimensjonert gammalt sikringsskap som treng fornying?
Forbruksmønsteret av straum har endra seg dramatisk dei siste åra.
Eit inntak som før var stort nok til å handtere eit heilt hus, held i dag ikkje til ein moderne koketopp.
Når ein i tillegg får elbil som skal ladast oppatt på det heile, då seier det seg sjølv at forsterkingar må gjerast.

Vi kan renovere eksisterande sikringsskap (med dør) slik at det ser ut som nytt.
Bytte heile sikringsskapet er også ofte meir teneleg, både praktisk og økonomisk.
Dei fleste har erfaring med ein jordfeilbrytar som til stadigheit koplar ut.
Med jordfeilautomatar har ein det mest driftssikre anlegget ein kan ha, med tanke på uønskte utkoplingar.
Nyare automatar gjev også mindre rom for overbelastning, noko som reduserer faren for branntilløp i det elektriske anlegget.

Ta kontakt med oss for få ei løysing og ein pris på utbetring av ditt anlegg!